Cathrine Pia Lund

Lund er leiar i Divisjon Merkevaren Norge, i Innovasjon Norge. Der har ho delteke i arbeidet med draumeløftet for Norge. Om dette seier Innovasjon Norge: «Innspela vi fekk frå næringslivet og andre samfunnsaktørar i draumeløftet tok utgangspunkt i dei store utfordringane verda står framfor. Blant dei er klima, matproduksjon, helse, demografisk endring, og i tillegg den spesielle utfordringa Norge står overfor, store tap av eksportinntekter frå olje og gass.»

Ein av konklusjonane frå draumeløftet er ei tilråding om seks tema Norge bør satse på for å utvikle eit næringsliv for framtida. Desse områda er bioøkonomi, rein energi, kreativ næring og reiseliv, helse og velferd, havrommet og smarte samfunn.

Her kan du lese meir om dei seks satsingsområda.