TEMA: Skapt i Sogn og Fjordane

– Konkurransekraft gjennom det grøne skiftet

Tid og stad
Næringsdagane 2017 vert arrangert på Hotel Alexandra i Loen, Nordfjord,
onsdag 10. – torsdag 11. mai.

Pre-tur med Loen Skylift til Hoven: Som avslutning på dag 1 vert dei ei orientering om den nye Loen Skylift til Hoven,  samt høve til prøvetur for dei som ynskjer. Bana vert offisielt opna og sett i drift 10 dagar seinare.

Festmiddag på hotellet onsdag kveld:
Kl. 19:00 Aperitiff
Kl. 19:45 Gå til bords
Kl .20:00 Festmiddag – Underhaldning og prisutdelingar.

Tjuvstart: Dagen før konferansen vil mange verksemder arrangere eigne møter på Hotel Alexandra. Vi oppmodar fleire til å gjere det. Konferansen arrangerer Næringspub for desse tysdag kveld som oppvarming til konferansen.Ta direkte kontakt med hotellet ang eigne møter tysdagen, evt overnatting tysdag til onsdag.

Prisar
Full konferansepakke kr 4900 – inkluderer overnatting onsdag til torsdag,
festmiddag, lunsj begge dagar og programmet.
Dagpakke med lunsj onsdag 10. mai kr 1900
Dagpakke med lunsj torsdag 11. mai kr 1900
Festmiddag onsdag (10. mai) kveld kr 1150
Prøvetur med Loen Skylift til Hoven (inkl i dei andre prisane)
Dagpakke begge dagar(men utan overnatting) kr 3300

Fristar
Vi ber om påmelding snarast, og seinast 5. mai.
Påmeldinga kan endrast eller kansellerast innan 5.mai.
Alle utlegg vert då refunderte. Etter dette er påmeldinga bindande.

Overnatting
Konferansen har reservert rom på Hotel Alexandra onsdag til torsdag til dei som melder seg på full konferansepakke. Først til mølla.

Reise
Til Loen kan ein ta fly til Ørsta/Volda Hovden Lufthamn, eller Anda Lufthamn(Gloppen kommune). Flest avgangar/ankomstar på Hovden, om lag same reisetid til hotellet frå begge lufthamnene, men best veg frå Hovden. Hotel Alexandra ordnar transport til/frå Lufthamnene for sine gjester. Bestill dette i resepsjonen på hotellet: +47 57 87 50 00 Er du usikker på kor hotellet ligg, kan du sjekke det her.

Enkel betaling med kort
For å enkle administrasjon med arrangementet, må alt betalast på førehand med kort. Vi aksepterer dei fleste typar betalingskort (VISA, Mastercard, Diners, American Express). Ved avmelding innan fristen, vert heile beløpet refundert.

Arrangørar
NHO, LO, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, NAV, Innovasjon Norge, IT Forum Sogn og Fjordane. Les meir…