Prøvetur med Loen Skylift til Hoven

Når tema er «Skapt i Sogn og Fjordane – på jobb for det grøne skiftet»  er det ei glede at vi på slutten av første konferansedag får presenter Loen Skylift, fram til no betre kjendt som Hoven-bana. Richard Grov fortel korleis dei har tenkt og kva dei har gjort. Etterpå tilbyr vi prøvetur opp, inkludert i påmeldingsprisen. Dette skjer berre 10 dagar før den offisielle opninga.

Innpå 50 lokale eigarar står bak prosjektet som vil koste ca 200 millionar. Dei store eigarane er Nordfjord Kjøtt, Hotel Alexandra og Stryn kommune, men i tilleg altså ei rad mindre verksemder og einskildpersonar, som har gått saman for å vidareutvikle reiselivsnæringa i Stryn og Loen.

Dette må kunne kallast eit av dei største og mest storslåtte reiselivsprosjekta i Norge. Frå fjordbygget startar oppstigninga med pendelbana til fjellet Hoven (1011 moh). Etter nokre minutt i luftig svev kjem du til fjellbygget og restauranten der du får eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn i vest. Frå Hoven kan du oppleve høgfjellet på eiga hand i eit omfattande stinett, eller med guide. Til fots eller på ski. Mogleheitene er mange, det er berre for deg å velje.

Sjå meir om Loen Skylift.