Pressemelding Næringsdagane 2017:

Yngve Slyngstad til Næringsdagane 2017.
– Å få Yngve Slyngstad som foredragshaldar på Næringsdagane 2017 ser vi på som eit godt høve til å skaffe oss meir oversikt over den verda vi i Sogn og Fjordane opererer i. Mange næringar her i fylket er internasjonalt orienterte og då er det viktig å vite kva som rører seg der ute. Det seier Jan Heggheim, som er leiar i arbeidsutvalet for konferansen i tillegg til å vere Nærings og kultursjef i fylkeskommunen. Slyngstad er sjef for eit av dei største investeringsfonda i verda, Statens Pensjonsfond utland, også kalla oljefondet. Difor har han tilgang til svært mykje kunnskap om verdssituasjonen generelt, og spesielt næringslivet internasjonalt. –  Frå Innovasjon Norge kjem Cathrine Pia Lund. Ho er leiar i Divisjon Merkevaren Norge, i Innovasjon Norge. Der har ho delteke i arbeidet med draumeløftet for Norge. Om dette seier Innovasjon Norge: «Innspela vi fekk frå næringslivet og andre samfunnsaktørar i draumeløftet tok utgangspunkt i dei store utfordringane verda står framfor. Blant dei er klima, matproduksjon, helse, demografisk endring, og i tillegg den spesielle utfordringa Norge står overfor, store tap av eksportinntekter frå olje og gass.»

Vision of the Fjords – Skapt i Sogn og Fjordane.
– Vi tykkjer det passar svært godt til eit av dei seks områda, kreativ næring og reiseliv, å presentere  eit prosjekt som er 100% skapt i Sogn og Fjordane, seier Heggheim. – Rolf Sandvik, dagleg leiar i the Fjords, vil i samarbeid med Solrun Hjelleflat frå Visit Flåm, presentere prosjektet omkring båten Vision of The Fjords som no går i rute mellom Flåm og Gudvangen.  The Fjords er eigd av Flåm AS og Fjord1.  Båten er designa og bygd av Brødrene Aa i samarbeid med bestillaren The Fjords. Båten er ein  hybrid, og kan difor også gå på rein el-kraft. Når han går på el-kraft går han ogsåreint og  svært stille, og det høver godt i verdsarvområdet i Nærøyfjorden. Forskingsprogram Reiseliv er ei større satsing der mellom anna Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge, fylkeskommunen og fleire private selskap er med. Målet er relevant forsking for reiselivet, og dei har gjennomført eit større prosjekt om denne satsinga. Dette blir presentert på Næringsdagane. Stein Lier Hansen er administrerande direktør i bransjeorganisasjonen Norsk Industri. Dei har laga  «vegkart for prosessindustri» der dei både vil utvikle denne industrien men samtidig gjere den utsleppsfri.

Hovudtema for Næringsdagane i år er «Skapt i Sogn og Fjordane – konkurransekraft gjennom det grøne skiftet».
I tillegg til kjende og kunnskapsrike foredragshaldarar som Slyngstad og Traaseth er det kompetente folk frå eige næringsliv som er med. Lærdal Grønt sin suksess skal forklarast av Harald Mundal, medan Bård Helle Bolstad frå Tine Byrkjelo vil fortelje om deira tilnærming til det grøne skiftet. Andre Høyseth frå Fjord1 deler deira planer for korleis selskapet skal bli grønare. Edgeir Aksnes frå Tibber presenterer kva denne grunderverksemda i Førde har utvikla av produkt i energisektoren.  Sara Johnsborg, NAV, presenterer det årlege næringsbarometeret, og  Trond Teigene, relativt ny adfministrerande direktør i  Sparebanken Sogn og Fjordane, vil gje sitt syn på kva fellestrekk som kan finnast i verksemder som lukkast. Til å halde tråden i det heile er valgt Rolf-Sanne Gundersen, dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling.

Næringsdagane 2017 vert arrangert for tredje gong, 10. – 11. mai på Hotel Alexandra i Loen. Desse 10 organisasjonane og verksemdene står bak arrangementet:  NHO, LO, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, NAV, Innovasjon Norge og IT Forum.

Arbeidsutvalet for konferansen:

Jan Heggheim
Tlf. 57 65 62 30 | Mob. 905 66 623
Jan.Heggheim@sfj.no
www.sfj.no

Sekretariat:
Tom Farsund
Tlf. 901 18 254
tom@findriv.no

Facebook Næringsdagane
Nettside Næringsdagane 2015