Sigrid Moldestad

Næringsdagane er den viktige møteplassen. Og den særs hyggelege. Det skal Sigrid Moldestad hjelpe oss med. Ho er toastmaster og underheld på festmiddagen onsdag 10.mai.

I 2017 har ho vore soloartist i 10 år. Det skal feirast med ny plate, nye samarbeidsprosjekt og turne til hausten. Men før det altså til Loen og Næringsdagane.

Når tema er skapt i Sogn og Fjordane tykte vi det høvde fint å be Sigrid Moldestad vere med.
Ein artist som er ettertrakta i heile landet, oppvaksen i Breim og med sterke band tilbake til dei historiske speledamene i Nordfjord.

Lær meir om musikken hennar her.