Yngve Slyngstad

Slyngstad er sjef for eit av dei største investeringsfonda i verda, Statens pensjonsfond utland, også kalla oljefondet, og som vert styrt av Norges Bank. Difor har han tilgang til svært mykje kunnskap om verdssituasjonen generelt, og spesielt næringslivet internasjonalt. Mange næringar her i fylket er internasjonalt orienterte og då er det viktig å vite kva som rører seg der ute. Det er dette overblikket han vil dele med deltakarane på Næringsdagane 2017. Yngve Slyngstad blei utnemd til Chief Executive Officer, dvs sjef for oljefondet, 1. januar 2008. Slyngstad starta i Norges Bank Investment Management i 1998 for å bygge opp aksjeforvaltninga, og arbeidde fra 1998 til 2007 som Head of Equities. Slyngstad kom til Norges Bank frå Storebrand Kapitalforvaltning, der han hadde stillinga som Chief Investment Officer Asian Equities.

Statens pensjonsfond utland er stort. I midten av februar 2017 er er det på 7 500 milliardar. Dei er tilstades med investeringar i 78 land, og i 9050 selskap. Verdien av investeringane utgjer 1,3% av verdas børsnoterte selskap, og tilsvarande 2,3% av verdien av dei børsnoterte seksapa i Europa.

Les meir om Statens pensjonsfond utland.