Næringsdagane – Møte med dei som set nye idear ut i livet

Næringsdagane tilbyr deg møter med dei som set nye idear ut i livet, i bedriftene i fylket. Inghild Lysne Sanden, Nortura Sogndal, og Tom Dyrdal, Avery Dennison NTP i Gaupne er to av dei. Men vi byr deg også det store overblikket. Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen og sjeføkonom i NHO Øystein Dørum er mellom innleiarane. Målet vårt er å gje deg kunnskap og inspirasjon til arbeidet i di bedrift.

Nye kollegar i Sunnfjord og Sogn
På Bruland Palle og Emballasjefabrikk i Førde har dei fått ein ny kollega, Sofus. Han er fødd hos Universal Robots og oppvoksen hos Rocketfarm i Sogndal. Han er ein robot, i dette tilfellet ein palleteringsrobot.
– Han er på ein måte ein typisk Sunnfjording, seier dagleg leiar Sissel Bruland Gurvin, – flink å arbeide, men seier ikkje så mykje, ler ho. I Sogn er ein liknande robot i sving hos Nortura. På plass i Balestrand er også Trond Teigene, adm. dir. i Sparebanken Sogn og Fjordane. Han vil gje oss eit spennande innblikk i korleis banken tilpassar seg det store teknologiske skifte og der robotteknologi og mennesket utfyller kvarandre.

Mennesket møter teknologi
Robotar og nye teknologiske løysingar er på veg inn i verksemdene i fylket. Fører det til at folk mister jobben, eller skapar det nye moglegheiter for vekst og utvikling? Eller kanskje er det eit både og? Fabrikksjef Inghild Lysne Sanden kjem til Næringsdagane for å snakke om nettopp dette. Effektivisering og automatisering av produksjonsprosessen i deira fabrikk.

Verdien av arbeid
Mange bedrifter å vårt fylke har lang erfaring i å gje folk med hol i cv’en ein sjangs. Kva er det verdt for dei som får denne sjangsen? Kva betyr det for bedrifta og samfunnet? Tom Dyrdal frå Avery Dennison NTP i Gaupne deler sine erfaringar på dette feltet.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *