Torbjørn Røe Isaksen, næringsminister

Nybakt næringsminister Torbjørn Røe Isaksen kjem til Balestrand for å snakke om ein næringspolitikk for vekst, også i Sogn og Fjordane. Kva er nyhende i politikken til denne regjeringa. Korleis kan vi legge til rette for vekst, både gjennom nye bedrifter, men også gjennom vekst i eksisterande? Og om han ser særskilte fortrinn som vårt fylke kan utnytte. Isaksen var kunnskapsminister i den førre regjeringa frå 2013, og fram til han no skifta departement. Han er valt inn på stortinget frå Telemark, og har lang fartstid også i toppleiinga i Høgre. Det er såleis ein særs røynd politikar som besøkjer oss på Næringsdagane.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *