Næringsminister Tobjørn Røe Isaksen ser fram til å vere med på Næringsdagane 2019 som går av stabelen 7.-8. mai i Førde.

Næringsdagane vert ein anledning til å diskutere korleis vi skal klare å få endå fleire innovative bedrifter, skape nye arbeidsplasser, sikre at vi har gode trygge arbeidsplasser der folk faktisk bur, og alt dette gler eg meg til å diskutere og snakke om 7. mai

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen

Næringsmininster Torbjørn Røe Isaksen held foredrag på Næringsdagane, 7.-8. mai i Førde. To statsrådar og over 20 leiarar frå privat og offentleg sektor held innlegg på den viktigaste møtestaden for næringslivet og offentleg sektor i Sogn og Fjordane. Meld deg på i dag; www.naringsdagane.noMed Jan Heggheim, Wenny Irene Hansen, Roy Stian Farsund, Reidun Aasen Nesheim, Frode Henden, Anne-Mette Hjelle, Odd Erik Gullaksen, Kjetil Kvåle, Bjørn Lødemel

Gepostet von Næringsdagane am Mittwoch, 3. April 2019

To statsrådar og over 20 leiarar frå privat og offentleg sektor held innlegg på den viktigaste møtestaden for næringslivet og offentleg sektor i Sogn og Fjordane.

Vi håpar å sjå deg på Næringsdagane 2019!

Sjå program og meld deg på her

Rektor ved Handelshøyskolen BI, Inge Jan Henjesand skal delta i en paneldebatt på Næringsdagane med temaet: Regional nærings- og kompetanseutvikling. Her er hans tankar om kompetanse:

 I Norge er vi veldig opptatt av å svare på hvilken kompetanse vi kommer til å trenge i framtiden. Vi burde være mer opptatt av mekanismene som sikrer at vi til enhver tid har den kompetansen vi trenger.

 

Mekanismer som reduserer gapet mellom teori og praksis

Utdanningsinstitusjonene og arbeidslivet må engasjere seg i en kontinuerlig dialog for å sikre at utdanningene er relevante for det som faktisk foregår i arbeidslivet, og oppdatert for tiden vi lever i.

Innsats for å redusere gapet mellom teori og praksis bør belønnes i finansieringsmodellen til utdanningsinstitusjonene. Bedrifter som aktivt engasjerer seg inn mot universitetene og høyskolene må belønnes. Eksempler på det siste kan være gaveforsterkningsordning og økonomiske incentiver som bidrar til gaveprofessorater, deltakelse i faglige råd, ordninger med internships og stipender for gode studenter.

Mekanismer for systematisk og kontinuerlig faglig oppdatering

Ny teknologi endrer praksis og kjente forretningsmodeller. Dermed endres også kravene til hvilken kompetanse det er behov for i ulike yrker og innen ulike bransjer raskt. I et slikt arbeidsliv er grunnutdanning og lang erfaring ikke lenger tilstrekkelig. Vi trenger mekanismer som sikrer en systematisk og kontinuerlig faglig oppdatering, og kanskje til og med omskolering, av den norske arbeidsstokken. Etter- og videreutdanning må bli regelen heller enn unntaket, både for de nyutdannede og for de med mange års fartstid i arbeidslivet. Vi trenger sterkere incentiver, både for bedriftene og for den enkelte arbeidstaker, som sikrer at kompetanseutviklingen skjer uavhengig av konjunkturer i økonomien. Et mulig forslag er å innføre en «KompetanseFUNN» ordning etter mønster av SkatteFUNN slik det foreslås i forskningsprosjektet «Et Kunnskapsbasert Norge».

Mekanismer for rekruttering av talent fra utlandet

Framtidens kompetansebehov vil i større grad finne svar i et internasjonalt arbeidsmarked. I en global kunnskapsøkonomi må vi både lykkes med å foredle talentene vi har, og samtidig klare å rekruttere talentene vi mangler. Norge har lenge hatt gode ordninger for norske studenter som reiser ut. Vi mangler derimot gode ordninger for å sikre at de beste internasjonale studentene kommer til Norge. Tyskland, Danmark og Nederland er eksempler på land som har utarbeidet konkrete og målrettede strategier for rekruttering av toppstudenter fra andre land. Vi trenger en nasjonal strategi for å trekke til oss talent. De beste studentene fra utlandet vil styrke læringsmiljøene ved norske institusjoner. Talent fra hele verden skjerpes når de brynes mot hverandre. Vi må sørge for at det skjer her hos oss.

– Inge Jan Henjesand

Rektor ved Handelshøyskolen BI

Paneldebatt om regional nærings- og kompetanseutvikling på Næringsdagane

Få med deg den interessante paneldebatten om «Regional nærings- og kompetanseutvikling» på Næringsdagane. I paneldebatten vil mellom anna Inge Jan Henjesand (rektor BI), Berit Rokne (rektor Høgskulen på Vestlandet)  og Dag Rune Olsen (rektor UiB) snakke om høgare utdanning, FoU og livslang læring.

Dette og fleire andre spennande innlegg frå inspirerande leiarar i næringslivet og offentleg sektor gjer Næringsdagane til årets viktigaste møteplass!

Sjå programmet og meld deg på her

«Norge og Sogn og Fjordane sett utanfrå» er eit viktig tema på Næringsdagane. I det perspektivet vil Merete Mikkelsen sitt innlegg tysdag 7. mai vere interessant. Mikkelsen har sidan 2006 vore direktør for Vest-Norges Brüsselkontor.

– Eg har alltid vore interessert i språk, kommunikasjon og internasjonalt samarbeid. Det får eg bruk for i jobben min, i tillegg til at eg får jobbe for den delen av Norge som ligg mitt hjarte nærast; Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, seier ho.

Mikkelsen vil snakke om kor viktig det er for norske bedrifter å vere godt orienterte om kva som skjer i Europa og i EU.

– Dette påverkar sjølsagt norsk samfunns- og næringsliv. Eg vil leggje vekt på kor viktig det er med internasjonal kompetanse, og kva vi kan få tilbake når vi brukar dei nettverka og prosjektmidlane som finst i EU-samanheng.

– Næringsdagane er ein fin arena for å møte representantar frå ulike sektorar, og eg ser fram til å få nye kontaktar og samtidig treffe våre samarbeidspartnarar i regionen, seier Mikkelsen, som også vil presentere dei tenestene Vest-Norges Brüsselkontor kan yte til lokalt næringsliv.

Delta på Næringsdagane og få viktig kunnskap og inspirasjon frå over 20 foredragshaldarar!

Påmelding og program her 

Næringsdagane 2019 blir ein god møteplass for å drøfte vårt forhold til verda omkring oss. Kva vanskar og utfordringar vil møte oss i åra som kjem? Men viktigare: Kva gir dette oss av sjansar til å utvikle samfunnet vårt, lansere nye produkt som fører menneskeslekta mot eit betre liv? For i botnen er det faktisk det det handlar om. Finne forretning med produkt det finst eit reelt behov for.

Det har aldri vore så mange interessante initiativ med grupper av verksemder som samarbeider, som det er akkurat no. Eg trur det skuldast to ting: Ein ny generasjon leiarar, som ser kor viktig det er med deling av kunnskap. Dinest møteplassar der både næringsliv og hjelparar møtest for å begeistre kvarandre, dele erfaringar, lære av andre.

I 2013 hadde vi mange slike: IT-forum, NHO-konferansen, høgskulen sin næringskonferanse, reiselivskonferansen. Fleire av desse vende seg til same målgruppa. Fleire av oss såg at vi burde koordinere oss, og stokke beina. Slik oppstod Næringsdagane i 2015.

Det vil alltid vere trong for fagkonferansar som fokuserer på enkelttema. Difor har vi fleire slike; Kraft i Vest, Reiselivskonferansen, Vekst i Vest (olje og gass), med mange fleire. Næringsdagane skal bringe menneske i lag over faggrenser, begeistre, inspirere, realitetsorientere. Vi gjer det med overskriftene: Global, nasjonal og regional utvikling, teknologi, kunnskap og leiing.

Nokre år er det næringspub, andre år er det picthekonkurranse. I år tek vi lokal mat på alvor, det er berre å begynne å glede seg!

Velkommen til Næringsdagane 2019!

 

Med helsing

Jan Heggheim

Fylkesdirektør næring og kultur

 

Sjå program og meld deg på Næringsdagane her

Har du ein forretningsidé og treng ein kick-start som gründer?
Er du interessert i å vinne ein pengepremie og gratis rådgjeving?

Morosam, poengtert, kunnskapsrik og tidvis hardtslåande. Det er ikkje utan grunn at Elin Ørjasæter vart kåra til årets formidlar i 2015. Næringsdagane får eit avslutningforedrag med smell i. Den velkjende forfattaren og kommentatoren held det avsluttande foredraget på torsdag 2.mai før lunsj. Ørjasæter er tilsett ved Høyskolen Kristiania, men er mest kjend som forfattar, kommentator og samfunnsdebatant. Tema i hennar foredrag vert leiing, arbeidsliv og likestilling.

Tom Dyrdal leiar verksemda Avery Dennison NTP i Gaupne. I løpet av dei 30 åra som har gått sidane starten er dei blitt ein leiande leverandør av transfermerke til sportsklede, arbeideklede og kle brukt til profilering. Fotballklubben Barcelona, med stjernespelaren Lionel Messi som den mest kjende, er ei av dei store og kjende merkevarene NTP produserer transfermerker til, og ein av dei største kundane. I dag har verksemda i Gaupne ca 130 tilsette og Tom Dyrdal skal fortelje om korleis ein inkluderande arbeidskultur har bidrege til at bedrifta i Gaupne lukkast både i Noreg og i utlandet.

Siva og Næringsdagane inviterer til Jomfrutur med Future of The Fjords

Siva er 50 år i 2018.
Dette feirar dei med å vere ein hovudsamarbeidspart for Næringsdagane sitt arrangement på Kviknes Hotel i Balestrand, 2. og 3. mai. I samarbeid med dei, og The Fjords, inviterer vi deltakarane på konferansen ombord den nye båten Future of The Fjords til Jomfrutur. Dette er det første oppdraget båten har! Dette er det heilelektriske søsterskipet til suksessen Vision of The Fjords.
Nokre av programpostane vert om bord og spennande verksemder frå fylket skal få høve til å presentere seg i løpet av dei timane cruiset varer.  Som søsterskipet er båten bygd av Br.Aa i Hyen, og skal opererast av selskapet The Fjords, som har base i Flåm. Også Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Forum for Grøn Energi er samarbeidspartar i opplegget på båten.

Siva – Selskapet for industrivekst vart etablert i 1968 og er ein del av det næringsretta verkemiddelapparatet.
Siva driv verksemd innanfor to område: eigedom og innovasjon. I eigedomsverksemda byggjer, eig og leiger Siva ut produksjon- og næringsbygg, og har over 100 eigedomar. Innovasjon driv Siva med gjennom å legge til rette for etablering og utvikling av bedrifter i nærings- og kunnskapsmiljø og koble desse i regionale og nasjonale nettverk. Totalt er ca. 4000 verksemder tilknytta Siva sine næringshagar og inkubatorar. Hovedmålet til Siva er å utløyse lønsam næringsutvikling, med eit særleg ansvar for å fremje vekstkraft i distrikta. I Sogn- og Fjordane har Siva vore ein viktig eigedomsinvestor for td. Lerum og Norsun. Siva er medeigar i Aurland Ressursutvikling, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane samt fleire inkubatorar- og næringshagar i fylket.

Les meir på Siva sine nettsider.