Næringsdagane 2019 blir ein god møteplass for å drøfte vårt forhold til verda omkring oss. Kva vanskar og utfordringar vil møte oss i åra som kjem? Men viktigare: Kva gir dette oss av sjansar til å utvikle samfunnet vårt, lansere nye produkt som fører menneskeslekta mot eit betre liv? For i botnen er det faktisk det det handlar om. Finne forretning med produkt det finst eit reelt behov for.

Det har aldri vore så mange interessante initiativ med grupper av verksemder som samarbeider, som det er akkurat no. Eg trur det skuldast to ting: Ein ny generasjon leiarar, som ser kor viktig det er med deling av kunnskap. Dinest møteplassar der både næringsliv og hjelparar møtest for å begeistre kvarandre, dele erfaringar, lære av andre.

I 2013 hadde vi mange slike: IT-forum, NHO-konferansen, høgskulen sin næringskonferanse, reiselivskonferansen. Fleire av desse vende seg til same målgruppa. Fleire av oss såg at vi burde koordinere oss, og stokke beina. Slik oppstod Næringsdagane i 2015.

Det vil alltid vere trong for fagkonferansar som fokuserer på enkelttema. Difor har vi fleire slike; Kraft i Vest, Reiselivskonferansen, Vekst i Vest (olje og gass), med mange fleire. Næringsdagane skal bringe menneske i lag over faggrenser, begeistre, inspirere, realitetsorientere. Vi gjer det med overskriftene: Global, nasjonal og regional utvikling, teknologi, kunnskap og leiing.

Nokre år er det næringspub, andre år er det picthekonkurranse. I år tek vi lokal mat på alvor, det er berre å begynne å glede seg!

Velkommen til Næringsdagane 2019!

 

Med helsing

Jan Heggheim

Fylkesdirektør næring og kultur

 

Sjå program og meld deg på Næringsdagane her