Jan Heggheim, velkommen
Sara Johnsborg, NAV
Torkild Heieren, Tine Meierierier Byrkjelo
Finn Ove Øen, Åsen og Øvrelid
Johannes Idsøe, Høgskulen på Vestlandet
Yngve Slyngstad, Norges Bank Investment Management(Oljefondet)NB! Lenke til deira nettside.
Christoffer Sahl, NHO
Cathrine Pia Lund, Innovasjon Norge
Edgeir Aksnes, Tibber
Rolf Sandvik, The Fjords
Are Korneliussen, NGU
Trond Teigene, Sparebanken Sogn og Fjordane
Anne-Grete Haugen, Matvett
Stein Lier-Hansen, Norsk Industri
Oluf Ulset, Energi Norge
Andre Høyset, Fjord1
Harald Blaaflat Mundal, Lærdal Grønt
Kristian Jørgensen, Fjord Norge
Ola Braanaas, Firda Seafood
Solrunn Hjelleflat, Flåm AS

Kva har desse verksemdene til felles?
Dei er skapt i Sogn og Fjordane og på Næringsdagane er dei i lag med 15 andre verksemder med på Næringstorget.

Næringstorget er satt opp i programmet på onsdag, med 40 min. Ei form for «tvungen mingling» sagt litt humoristisk. Her er møteplassen på sitt beste. Spannade verksemder du kan møte uten noko form for avtale på førehand.  I tillegg til alle dei andre verksemdene som er påmeldt sjølvsagt.

Bedriftene på Næringstorget er:
Framtidsfylket AS
Hydrogenregion Sogn og Fj
Enivest
Sognenett
Maritim Forening
Forum for grøn energi
Havkraft
HydroWave
Åsen og Øvrelid
Brødrene Aa
Lærdal Grønt
The Fjords
Flåm AS/Visit Flåm
N-Link
RocketFarm
Fjord1
Tibber
IT-forum
SFE
Ægir
Film Digitalisering

Når tema er «Skapt i Sogn og Fjordane – på jobb for det grøne skiftet»  er det ei glede at vi på slutten av første konferansedag får presenter Loen Skylift, fram til no betre kjendt som Hoven-bana. Richard Grov fortel korleis dei har tenkt og kva dei har gjort. Etterpå tilbyr vi prøvetur opp, inkludert i påmeldingsprisen. Dette skjer berre 10 dagar før den offisielle opninga.

Innpå 50 lokale eigarar står bak prosjektet som vil koste ca 200 millionar. Dei store eigarane er Nordfjord Kjøtt, Hotel Alexandra og Stryn kommune, men i tilleg altså ei rad mindre verksemder og einskildpersonar, som har gått saman for å vidareutvikle reiselivsnæringa i Stryn og Loen.

Dette må kunne kallast eit av dei største og mest storslåtte reiselivsprosjekta i Norge. Frå fjordbygget startar oppstigninga med pendelbana til fjellet Hoven (1011 moh). Etter nokre minutt i luftig svev kjem du til fjellbygget og restauranten der du får eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn i vest. Frå Hoven kan du oppleve høgfjellet på eiga hand i eit omfattande stinett, eller med guide. Til fots eller på ski. Mogleheitene er mange, det er berre for deg å velje.

Sjå meir om Loen Skylift.