Frå 15. september 2014 tok Traaseth til som administrerande direktør i Innovasjon Norge. Ho er kjend som ein dyktig foredragshaldar, som engasjerer folk. Boka ho debuterte med på Cappelen Damm forlag i 2014 vart også lagt merke til. I «Godt nok for de svina», tek ho utgangspunkt i det å vere leiar, og reflekterer omkring mot, truverde og det å vere sårbar.

I Innovasjon Norge har ho leia arbeidet med draumeløftet for Norge. Om dette seier Innovasjon Norge: «Innspela vi fekk frå næringslivet og andre samfunnsaktørar i draumeløftet tok utgangspunkt i dei store utfordringane verda står framfor. Blant dei er klima, matproduksjon, helse, demografisk endring, og i tillegg den spesielle utfordringa Norge står overfor, store tap av eksportinntekter frå olje og gass.»

Ein av konklusjonane frå draumeløftet er ei tilråding om seks tema Norge bør satse på for å utvikle eit næringsliv for framtida. Desse områda er bioøkonomi, rein energi, kreativ næring og reiseliv, helse og velferd, havrommet og smarte samfunn. Traaseth har også vunne fleire prisar og utmerkingar for sitt leiarskap.

Lund er leiar i Divisjon Merkevaren Norge, i Innovasjon Norge. Der har ho delteke i arbeidet med draumeløftet for Norge. Om dette seier Innovasjon Norge: «Innspela vi fekk frå næringslivet og andre samfunnsaktørar i draumeløftet tok utgangspunkt i dei store utfordringane verda står framfor. Blant dei er klima, matproduksjon, helse, demografisk endring, og i tillegg den spesielle utfordringa Norge står overfor, store tap av eksportinntekter frå olje og gass.»

Ein av konklusjonane frå draumeløftet er ei tilråding om seks tema Norge bør satse på for å utvikle eit næringsliv for framtida. Desse områda er bioøkonomi, rein energi, kreativ næring og reiseliv, helse og velferd, havrommet og smarte samfunn.

Ekstra 1:
Tjuvstart tysdag 9. mai kl. 21:00 med Næringspub.
Oppspel til konferansen frå Arvid Andenæs.
Næringsquiz.
NB! Overnatting tysdag til onsdag er ikkje ein del av påmeldingspakkane og må bestillast direkte hos hotellet.

Ekstra 2:
Bli med på prøvetur med Loen Skylift til Hoven. Dette skjer rett etter konferanseslutt på dag 1, dvs onsdag 10. mai.
I programmet er det også sett av tid til orientering om dette spektakulære prosjektet som opnar nokre dagar seinare i mai.

Ekstra 3:
Næringstorg med mange verksemder du ynskjer å treffe.

Ekstra 4:
Opning av Lefdal Mine, grøn datalagring. Opninga blir streama til konferansen, onsdag 10.

Program:

• Onsdag 10. mai
09:00  Linda Gytri, trekkspel

09:15  Jan Heggheim Leiar Næringsdagane
09:25  Christoffer Sahl NHO, Velkommen til Made in Norway.
09:45  Cathrine Pia Lund Innovasjon Norge, seks satsingsområde for Norge.
10:15  Sara Johnsborg NAV, funna i næringsbarometeret, høgt eller lågt trykk?
10:30  Andre Høyset Fjord1, konkurransekraft og grønt skifte i transportsektoren.
10:40  Solrun Hjelleflat Flåm AS, Vision of the Fjords – Marknad, gjesteoppleving og lønsemd.
10:50  Pause
11:00  Edgeir Aksnes  Tibber, smart teknologi i energisektoren.
11:20  Finn Ove Øen  Åsen og Øvrelid og –
11:30  Utgår
11:40  Rolf Sanne Gundersen Foredragshaldarane, avsluttande samtale før lunsj

11:45 Lunsj

12:30  Lefdal Mine
strøyming av offisiell opning
13:10  Yngve Slyngstad Oljefondet
13:40  Rolf Sandvik The Fjords, Båten Vision of the Fjords – Grøn oppleving i verdsklasse
14:00  Johannes Idsøe Høgskulen på Vestlandet, analyse av verdiskaping i havbruk.
14:10  Pause
14:25  Næringstorg, møt spanande og viktige verksemder skapt i sogn og Fjordane

15:05  Ola Braanaas Firda Seafood, The spirit of Norway
15:25  Are Korneliussen Norges Geologiske undersøkelse, mineralresurssar i Sogn og Fjordane – potensiale for vidare utvikling.
15:45  Rolf Sanne Gundersen Foredragshaldarane, avsluttande samtale
16:15  Richard Grov Hoven-prosjektet, Loen Skylift,  lokal skaparkraft bak spektakulær attraksjon.

17:00
Loen Skylift prøvetur for konferansedeltakarane.

19:00
Festmiddag, toastmaster og underhaldning: Sigrid Moldestad

• Torsdag 11. Mai:
09:00  NHO-film
09:05  Harald Blaaflat Mundal
Lærdal Grønt, informasjonsdeling og samarbeid gjev resultat.
09:15  Kristian Jørgensen Fjord Norge, Grønt reiseliv – ei sjølmotseiing?
09:40  Trond Teigene Sparebanken Sogn og Fjordane, kva kjenneteiknar dei som lukkast?
10:00  Anne-Grete Haugen Matvett, ta vare på maten – den er gull verdt.
10:20  Torkild Heieren Tine Meierier Byrkjelo, Tine sitt miljøprogram, el-tankbilar og kvardagstiltak.
10:30  Pause
10:55  Stein Lier-Hansen Norsk Industri, vegkart for prosessindustri, utsleppsfri i 2030?
11:20  Oluf Ulseth Energi Norge, fornybar energi – eit grønt konkurransefortrinn for verdiskaping?
11:40  Rolf Sanne Gundersen Foredragshaldarane, avsluttande samtale

12:00 Lunsj

Etter lunsj – avreise til Hoven for NRK debatt.
14:00 NRK Sogn og Fjordane direktesendt debatt frå frå Hoven, kva vil ein ny Vestlandsregion ha å seie for næringslivet på Sogn og Fjordane?