Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen og digitaliseringsminister Nikolai Astrup kjem til Næringsdagane 7.-8- mai i Førde. Røe Isaksen opnar Næringsdagane og begge ministrane skal halde innleg innan sine felt på temaet «Internasjonal handel og konkurranseposisjonen til næringslivet i Sogn og Fjordane» tysdag 7. mai.

At to statsrådar prioriterer Næringsdagane stadfestar at konferansen er den store møtestaden for inspirasjon og kunnskap for næringsliv og offentleg sektor i Sogn og Fjordane.

Program og påmelding finn du her