Oppsummering Næringsdagane 2019

Her kan du sjå innlegga til dei fleste av foredragshaldarane som brukte skjermpresentasjon på Næringsdagane 2019.

Det er også kjekt å registrere at konferansen fekk gode tilbakemeldingar frå deltakarane. På ein skala frå 0 til 6 der 6 er beste karakter, gav heile 63% karakteren 5 på spørsmålet om «ditt generelle inntrykk av konferansen». 21% gav karakteren 6.

God sommar til alle – og noter deg datoane for Næringsdagane 2020; 6.-7. mai!


Merete Mikkelsen, direktør Vest-Norges Brüsselkontor, heldt innlegg om «Sogn og Fjordane sett utanfrå» i lys av tilgang til kompetanse og nye marknader.


Statsråd Torbjørn Røe Isaksen (bilde under) sitt innlegg handla om Internasjonal handel og konkurranseposisjonen til norsk næringsliv.


Konserndirektør bedriftsmarknad i Sparebanken Vest, Ragnhild Fresvik, heldt innlegg om «Finans som drivkraft for eit meir berekraftig samfunn».


Dei tre rektorane (f.v) Dag Inge Henjesand (Handelshøyskolen BI), Dag Rune Olsen (UiB) og Berit Rokne (Høgskulen på Vestlandet), deltok i ein interessant paneldebatt der tema var regional nærings- og kompetanseutvikling.


Øyvind Reed, CEO i Videonor, heldt eit lærerikt innlegg om «Læring frå nasjonal til internasjonal arena». Verksemda hans har tatt steget frå Måløy til Boston.

Mingling: Mat og drikke frå lokale produsentar stod på menyen i minglepausane.