Siva og Næringsdagane inviterer til Jomfrutur med Future of The Fjords

Siva er 50 år i 2018.
Dette feirar dei med å vere ein hovudsamarbeidspart for Næringsdagane sitt arrangement på Kviknes Hotel i Balestrand, 2. og 3. mai. I samarbeid med dei, og The Fjords, inviterer vi deltakarane på konferansen ombord den nye båten Future of The Fjords til Jomfrutur. Dette er det første oppdraget båten har! Dette er det heilelektriske søsterskipet til suksessen Vision of The Fjords.
Nokre av programpostane vert om bord og spennande verksemder frå fylket skal få høve til å presentere seg i løpet av dei timane cruiset varer.  Som søsterskipet er båten bygd av Br.Aa i Hyen, og skal opererast av selskapet The Fjords, som har base i Flåm. Også Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Forum for Grøn Energi er samarbeidspartar i opplegget på båten.

Siva – Selskapet for industrivekst vart etablert i 1968 og er ein del av det næringsretta verkemiddelapparatet.
Siva driv verksemd innanfor to område: eigedom og innovasjon. I eigedomsverksemda byggjer, eig og leiger Siva ut produksjon- og næringsbygg, og har over 100 eigedomar. Innovasjon driv Siva med gjennom å legge til rette for etablering og utvikling av bedrifter i nærings- og kunnskapsmiljø og koble desse i regionale og nasjonale nettverk. Totalt er ca. 4000 verksemder tilknytta Siva sine næringshagar og inkubatorar. Hovedmålet til Siva er å utløyse lønsam næringsutvikling, med eit særleg ansvar for å fremje vekstkraft i distrikta. I Sogn- og Fjordane har Siva vore ein viktig eigedomsinvestor for td. Lerum og Norsun. Siva er medeigar i Aurland Ressursutvikling, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane samt fleire inkubatorar- og næringshagar i fylket.

Les meir på Siva sine nettsider.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *