Posts

“Norge og Sogn og Fjordane sett utanfrå” er eit viktig tema på Næringsdagane. I det perspektivet vil Merete Mikkelsen sitt innlegg tysdag 7. mai vere interessant. Mikkelsen har sidan 2006 vore direktør for Vest-Norges Brüsselkontor.

– Eg har alltid vore interessert i språk, kommunikasjon og internasjonalt samarbeid. Det får eg bruk for i jobben min, i tillegg til at eg får jobbe for den delen av Norge som ligg mitt hjarte nærast; Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, seier ho.

Mikkelsen vil snakke om kor viktig det er for norske bedrifter å vere godt orienterte om kva som skjer i Europa og i EU.

– Dette påverkar sjølsagt norsk samfunns- og næringsliv. Eg vil leggje vekt på kor viktig det er med internasjonal kompetanse, og kva vi kan få tilbake når vi brukar dei nettverka og prosjektmidlane som finst i EU-samanheng.

– Næringsdagane er ein fin arena for å møte representantar frå ulike sektorar, og eg ser fram til å få nye kontaktar og samtidig treffe våre samarbeidspartnarar i regionen, seier Mikkelsen, som også vil presentere dei tenestene Vest-Norges Brüsselkontor kan yte til lokalt næringsliv.

Delta på Næringsdagane og få viktig kunnskap og inspirasjon frå over 20 foredragshaldarar!

Påmelding og program her